Konsert med Heidi Lambach og Roger Stangervåg

Arrangementsinformasjon

Hjarteleg velkomen til ei vakker musikkkoppleving i Rubbhallen - i regi av Rubbestadnes Idrettslag!

Den bergensbaserte artisten Heidi Lambach er klar med lansering av sitt nyaste album "Hjerter som Vil". Med seg har ho eminente jazz- og popmusikarar frå sagnomsuste "Voksne Herrers Orkester". Det vert spelt vakre, nye viser med tekst og formidling og delikat musikalitet i sentrum, ispedd ein god dose inspirasjon frå folk, jazz og pop.

Heidi har dei siste åra etablert seg som ein varm, ekte og nær formidlar, med gode tekstar og fengjande melodiar som løftar og inspirerer eit lyttande publikum. Ho har turnert i store deler av Sør-Noreg båe som soloartist og i diverse konstellasjonar.

Konserten i Rubbhallen er sjølve avslutningskonserten, Heidi sitt siste stopp på lanseringsturneen! Dette blir ein festaften der me feirer musikken, den musikalske reisa og sjølve livet. Ekstra kjekt er det at me får med oss gjesteartisten Roger Stangervåg, som er født og oppvokst på Rubbestadneset. Heidi og Roger har spelt saman på ei rekkje konsertar dei siste åra og har turnert på store deler av Vestlandet.

No lagar dei musikk både saman og kvar for seg, og dei gledar seg stort til å dele nye låtar med publikum.


Det blir salg av drikke og enkel mat fra baren i foajeen før konserten, i pausen og etter konserten. Baren opnar klokka 20 og stenger klokka 24

Konsertstart klokka 21 - konserten varer til ca klokka 22.30

Konserten er støtta av Kulturrådet, FFUK, Rubbestadnes Idrettslag og Bergen Kommune.

konsert
bømlo
heidi
lambach
heidilambach
heidilamback
lamback
rogerstangerv
g
roger
stangervag
rubbhallen
rubbestadnesidrettslag
rubbestadnes
idrettslag
rubbestadneset
viser
pop
jazz
indie
folk
country
music
happiness
joy
glede
musikk
hjertersomvil
hjerter
som
vil
release
albumrelease
album
nymusikk
norskmusikk
bergenskmusikk